OM OSS
Frå starten i 1977 til i dag har veksemda utvikla seg frå å vera ein deltidsarbeidsplass for èin mann, til me no er 4 tilsette. Hausten 2018 kjøpte Geir, Thomas, Jostein og Henriette Snøscooterservice AS av Jon Neset. Som namnet seier har hovudproduktet heile tida vore snøscooter, men både vareutval og arbeidsoppgåver har vore i sterk utvikling. I dag sel me nye scooterar frå Yamaha. Og me forhandlar bruka scooterar av alle merke.
I tillegg sel me:
Buster - Båtar
Yamaha - Aggregat, snøfresarar, ATV, påhengsmotorar
BK - Scootersledar, bil- og båthengarar
Me har ein velutstyrt verkstad som utfører eit breidt spekter av oppdrag. Her utfører me service og reparasjonar på alle varegruppene me forhandlar. I tillegg tek me på oss andre oppgåver som reparasjon av bil- og båthengarar, konstruksjons- og sveiseoppdrag. Me har óg eit rikhaldig delelager og godt utval av klær og utstyr.

Fotograf : Steffen Flydal Hegerland
![]() | ![]() | ![]() |
---|---|---|
![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() |
Snøscooterservice AS
Avdeling på Rauland
Raulandsvegen 1723.
IOktober 2019 åpna me avdeling i Rauland sentrum, her har me klede, utstyr, hjelmar, sko, olje, reimer og meir.