Velkommen innom oss
Åpningstider Delelager/Verkstad på Haug :
Mandag - Fredag kl. 8.00-16.00
Butikken på Rauland :
Fredag kl. 9.00-17.00 ( Fredag 27.1.23 stengt pga kurs )
Lørdag kl. 10.00-14.00 ( Lørdag 28.1.23 stengt pga kurs )
Frå starten i 1977 til i dag har veksemda utvikla seg frå å vera ein deltidsarbeidsplass for èin mann, til me no er 3 tilsette. Hausten 2018 kjøpte Geir, Thomas, Jostein og Henriette Snøscooterservice AS av Jon Neset. Som namnet seier har hovudproduktet heile tida vore snøscooter, men både vareutval og arbeidsoppgåver har vore i sterk utvikling, no har me og fullt opp å gjera i sommarhalvåret, med Busterbåtar, påhengsmotor og ATV.
I dag sel me nye scooterar frå Yamaha. Og me forhandlar bruka scooterar av alle merke.
I tillegg sel me:
Buster - Båtar
Yamaha - Aggregat, snøfresarar, ATV, påhengsmotorar
BK - Scootersledar, bil- og båthengarar
Me har ein velutstyrt verkstad som utfører eit breidt spekter av oppdrag. Her utfører me service og reparasjonar på alle varegruppene me forhandlar. I tillegg tek me på oss andre oppgåver som reparasjon av bil- og båthengarar, konstruksjons- og sveiseoppdrag. Me har óg eit rikhaldig delelager og godt utval av klær og utstyr.